GO Group har hovudkontor i Fosnavåg og engasjerer om lag 40 tilsette innanfor fleire bransjar i Norge, i tillegg til eit dotterselskap i Spania. Selskapet vart etablert i 2014. Vårt konsern består av følgjande selskap: Finefish, Herøy Malarservice, Byggenheim, Go&Po Fiskeri, Finefish ES og Vitbit. GO Group AS er holdingselskapet til Gjermund Bringsvor og Ole Sande. Partane eig 50 % kvar gjennom sine eigarselskap Geraldo AS og O.S. Invest AS. Selskapet har sterk vekst som mål i alle forretningsområde.